Den barmhjertige samaritan på Jesu tid
RIK KILDE: «Den barmhjertige samaritan» av Elisa Maria Boglino.
Foto: Statens Museum for Kunst, SMK./Wikimedia
TEOLOGI: Det er inga dekning i kjeldene for rasisme mellom jødar og samaritanar. Det er feilaktige og farlege påstandar. Begge gruppene var jødar, og dyrka den same Gud.
Karl Mcallister skriv 11. november i Vårt Land om den barmhjertige samaritan og vinklar forteljinga i retning av rasisme.
Er dette treffande?
Historia til samaritanane
I dag bur halvparten av dei om lag 800 samaritanane sør for Tel Aviv og halvparten på Garizim-fjellet ved Nablus.
Historia deira starta før Jesu tid, sjølv om ho ikkje går så langt tilbake som dei sjølve hevdar: til patriarkane. Dei hadde ei form for jødedom, men skilde seg frå jødane i Jerusalem ved å insistera på å dyrka Gud i tempelet på Garisim-fjellet, ikkje i tempelet i Jerusalem. Berre Mosebøkene var heilage skrifter for dei, i ei eiga samaritansk form.
I samtalen mellom den samaritanske kvinna og Jesus i Johannes 4 er eit av temaa staden for gudsdyrking, Jerusalem eller Garisim. Dette ligg også bak forteljinga i Lukas 9 om at Jesus og disiplane vart nekta husly i ein samaritansk landsby fordi dei var på veg til Jerusalem.
Det er også brodden i forteljinga om den barmhjertige samaritan, fordi presten og levitten kom frå tempelet i Jerusalem, mens samaritanen dyrka den same Gud på Garisim.
I forteljinga om dei ti spedalske i Lukas 17 seier Jesus at dei skal visa seg for prestane, og fordi jødar og samaritanar hadde same lover om dette, nemleg 3 Mosebok 13, kunne dei gå til kvart sitt tempel og visa seg for prestane.
«Å elska nesten»
Den barmhjertige samaritan viste miskunn mot ein som kanskje var ueinig med han om plassen for gudsdyrking og om kva som var den korrekte Bibelen. Dermed sette han standarden for å elska «nesten», som både i Jerusalem og på Garisim vart definert som eit medlem av trusfellesskapet.
Samaritanen gjekk ut over sitt mandat.
Bakgrunnen er 2 Krønikebok 28, der me les krig mellom Jerusalem og Samaria, der det vart tatt krigsfangar og bytte, som vart førde til Samaria. Profeten Oded frå Samaria oppfordra til å sleppa fangane fri, og dei fremste mennene fylgde oppfordringa, kledde alle som var nakne, gav dei skor og mat og drikke, og salva dei. Dei som hadde vondt for å gå, sette dei opp på esel og førte til Jeriko.
Jesus og Lukas gir denne forteljinga ein ny vri, der «miskunn» skjer på bakgrunn av at dei religiøse motsetningane vart skarpare etter Krønikebøkene på 300-talet f. Kr.
Det er inga dekning i kjeldene for rasisme mellom jødar og samaritanar. Mcallister presenterer feilaktige og farlege påstandar. Begge gruppene var jødar, og dyrka den same Gud.